Velkomne til ein kjekk dagscup på Voss:
Voss Handball Cup med minihandball 27.04.2025
Bakgrunn
Voss Handball Cup vert gjennomført 25.-27.april 2025. Nytt i år er at me prøver ut minihandballcup for 1.-3.klasse mix (2016-2018) på sundag 27.april. Desse kampane vert spela i den nye gymsalen på Voss ungdomsskule. Dette vert ein dagscup og me har ei grensa på 16 lag. Kampane vert spela i tidsrommet kl 9-15. Me legg opp til 3 kampar pr lag.
Klasseinndeling (klassar for sesongen 24-25)
Klasse 6år - mix | Fødd etter 1.1.18 - 1. klasse
Klasse 7år - mix | Fødd etter 1.1.17 – 2. klasse
Klasse 8år- mix | Fødd etter 1.1.16 – 3.klasse
Premiering
Alle årsklassar: deltakarpremie. Det vert ikkje sluttspel sidan me berre har klassar som spelar barnehandball.
Påmeldingsavgift
Påmeldingsavgifta er kr. 600,- pr. Lag (dekkar påmelding for heile laget og premie).
Påmeldinga er gyldig når påmeldingsavgifta er betalt via Profixio. ALL BETALING GÅR VIA PROFIXIO, sjå link på
www.vosshk.no og arkfana
Voss HandballCup. Lag som trekker seg/ikkje fullfører turneringa får ikkje denne summen refundert.
Me har sett grensa på tal lag i alle aldersklassane, slik at me prøver å få ei jamn fordeling mellom klassane. Dersom ditt lag hamnar på ventelista, vil me sjå på fordelinga etter 1. mars, for å sjå om det likevel er plass.
Påmelding opnar 13.01.2025, sjå meir info på Vosshk.no når det nærmar seg.
2 fristar du må hugsa på:
- Påmeldingsfristen er 01.03.2025 eller når Cup’en er fullteikna.
- Betalingsfrist er 10.03. 2025.
Kampoppsett Kampoppsettet vil vera klart før påske og vert lagt ut i Profixio
All informasjon med reglar finn de på heimesida vår.
www.vosshk.no
VELKOMNE TIL VOSS!