Invitasjon til Sparebanken Vest-serien 2025
SPAREBANKEN VEST-SERIEN 2025

Nærbø idrettslag inviterer med dette til den 39. vinterserien i klubben sin historie.

Vinterserien er treningskampar satt i system, i ein periode der det ikkje skjer så mykje i fotballen. Dei beste laga i kvar pulje går vidare til finalespel. Nytt i år er at vi har eit sluttspel for kvart nivå.

Alle lag i Rogaland «sør for Boknafjorden» er velkomne til å melde seg på.

Vinterserien begynner i midten/slutten av januar og finalane vert spelt 4. - 6. april og 25. – 27 . april på Nærbø. Kva lag som spelar kva helg vert lagt ut saman med kampoppsettet første veka i januar.

 

PÅMELDING

Påmelding via Profixio (https://www.profixio.com/app/sparebanken-vest-serien-2025) innen 10. desember 2024.

Link til påmelding finn de på www.narboil.no og Facebooksida («Sparebanken Vest-Serien – Nærbø idrettslag sin vinterserie»).

I år er det mogleg å melde på lag i følgande klasser;

J13, J14, J15 og J17

G13, G14, G15, G16 og G19

13-årslaga spelar 9’ar-fotball, medan dei som er eldre spelar 11’ar-fotball.

Påmeldingsavgift kr 1200,- per lag. 

Administrasjonsgebyr kjem i tillegg.

Faktura vert generert automatisk i Profixio. Husk å hente ut faktura og send den til rette vedkomande i klubben!

Vi beklagar at seniorklassene utgår.

NIVÅ

Laga melder seg på i det nivået ein meiner ein høyrer heime, frå 1 – 3, der 1 er best. Når påmeldinga er stengt vil det vere mogleg å sjå kva lag som er påmelde i kva nivå. De vil då kunne gjere endringar, om det ser at nivået er feilvurdert. Målet er at laga i same nivå skal vere så jamne som mogleg, og vi ber om ei realistisk vurdering av laga for å oppnå dette.

Dersom det ikkje er nok lag påmeldt i ei klasse/nivå forbeheld vi oss retten til å gjere endringar i dialog med dei laga det gjeld. 

PULJESPEL

Kvart lag spelar minst tre kampar i eit innleiande puljespel. Det vert spelt enkel serie. Laget som er oppført først har heimebane.

Laga vert innbyrdes einige om kamptidspunkt, og heimelaget oppdaterer kamptidspunktet i Profixio så snart dette er avtalt. Kamptidspunktet som ligg i Profixio opprinnelig indikerer kun kva veke kampen er forventa spelt.

Heimelaget skaffar, og betalar for, dommar.                                                                                                                                        

SLUTTSPEL 

Nytt i år er at vi planlegg for eit sluttspel for kvart nivå i kvar klasse. Vi tilstrebar å spele med 8-delsfinalar i puljene med flest påmelde lag, og kvartfinalar der det er færre lag. Dvs. at dei 16 eller åtte beste laga går vidare. Dvs. at det er fleire lag enn før som kjem til finalespel. Arrangøren forbeheld seg retten til å justere dette når ein ser korleis påmeldinga fordeler seg.

Finalane til og med semifinalar vert spelt på dei møtande laga sine respektive heimebaner.

Laga vert innbyrdes einige om kamptidspunkt, og heimelaget oppdaterer kamptidspunktet i Profixio så snart dette er avtalt. Kamptidspunktet som ligg i Profixio opprinnelig indikerer kun kva veke kampen er forventa spelt.

Heimelaget skaffar, og betalar for, dommar.

FINALE 

Finalane vert avvikla på Nærbø. Her sørger arrangør for dommarar. 

Alle lag skal spele finalane helga 4. -6. april / 25. – 27. april på Nærbø, dersom ikkje laget har andre obligatoriske kampar, eller det er andre årsaker til at det ikkje er mogleg å stille lag. Kva lag som skal spele kva helg vert offentleggjort saman med kampoppsettet. 

REGLEMENT

Det vert spelt med utgangspunkt i NFF sitt gjeldande reglement. 

Gule kort vert strøkne etter kvar kamp, rødt kort medfører minst éin kamp karantene. Heimelaget har ansvar for å melde inn røde kort saman med resultat, desse skal òg meldast inn til kretsen av dommar i kampen evt. arrangørlag.

Det er ikkje tillate med lånespelarar.

Spelar på veg til anna klubb kan søkast om til oss, dersom tidlegare klubb gir midlertidig spelegodkjenning (p.g.a. speleforsikring ved evt. skade).

Dersom eit lag uteblir frå éin kamp vert resultatet 3 – 0 til det andre laget. Dersom eit lag uteblir frå meir enn éin kamp vert det rekna som at laget har trekt seg, og alle laget sine resultat blir strøkne.

Av omsyn til dei andre laga vert det forventa at alle strekker seg for å greie å stille til kamp til oppsett tidspunkt.

Alle lag skal kunne stille med bane i forsvarleg stand til sine heimekampar.

Dersom lag har lik draktfarge skal laget som står oppført som bortelag bytte drakt eller nytte vest. Bortelaget har sjølve med vest.

Nytt i år er at ved uavgjort resultat etter ordinær tid i finalekampane skal kampen avgjerast på straffespark. Først fem straffer per lag, og så éi og éi straffe dersom resultatet framleis er likt.

Det er ikkje ynskjeleg at nokon spelar på både nivå 1- og nivå 3-lag.

Ein turneringsjurye leia av Henrik Grønvik har siste ord dersom det er usemje om tolking av reglar, konsekvensar av røde kort osv.

SPELETID

13 og 14 år:        2 x 35 min

15, 16 og 17 år: 2 x 40 min

19 år:                   2 x 45 min

 

PREMIERING

I alle klasser vert det delt ut pokal til 1. og 2. plass i alle sluttspel. Evt. individuell

premiering avgrensar seg til 20 spelarar/leiarar per lag.

 

INNMELDING AV RESULTAT

Heimelaget sin kontaktperson melder inn kampresultat i Profixio umiddelbart etter kampslutt.

 

For spørsmål eller meir informasjon, ta kontakt på mail; [email protected] eller Henrik Grønvik på tlf. 45 41 96 60.