Kampoppsettet ligg no ute i Profixio. Kampane skal spelast frå veke 4.
Som annonsert i invitasjonen har vi i år gjort nokre endringar for å få til ei smidigare gjennomføring av vinterserien. Alle lag får spele minst tre kampar, med moglegheit for fleire.
Kampane ligg med datoen til mandagen i veka kampen skal spelast. Dei møtande laga står fritt til å bestemme tidspunkt for kampen innanfor den veka. Vi oppfordrar om å vere tidleg ute med å planlegge kampane. Kontaktinfo finn de i Profixio.
Laget som stå oppført først har heimekamp, og ansvar for å skaffe dommar. Heimelaget har òg ansvar for at Profixio vert oppdatert med avtalt kamptidspunkt, og at resultatet vert lagt inn umiddelbart etter kamp.
Dersom de ser at det er mogleg å spele kampar tidligare enn oppsett oppfordrar vi om å gjere det. Dette treng ikkje avklarast nærmare med oss. Vi ynskjer ikkje at kampar vert utsett med mindre det er heilt nødvendig. Dei vekene vi har i margin kan bli avgjerande med tanke på evt. snøfall, samt seriespel (og Rogalandscup?) som etter alt å dømme kjem til å starte før påske.
Finalane vert spelt på Nærbø fredag til søndag i veke 14 og 17. Nøyaktige tidspunkt finn de i Profixio. Det skal tungtvegande grunnar til for at desse tidspunkta vert endra, som t.d. andre obligatoriske kampar. I finalane er det Sparebanken Vest-serien som sørger for dommarar.
Vi minner til slutt om at det er mogleg å legge til/fjerne kontaktpersonar i Profixio, slik at det er lett å finne ut kven ein skal avtale kamptidspunkt med.
Alle må òg sjekke at faktura er betalt. De hentar sjølve ut faktura i Profixio, og kan sjekke her kor vidt den er blitt betalt eller ikkje.