Turneringsreglar

Her finn du turneringsreglane som gjeld for Handballfestivalen. Dersom det er nokre av desse du lurar på - eller om du saknar noko - ta kontakt med oss! 


Årsklassar og speletid

4’ER-HANDBALL
  • 6 år (f. 2015)
  • 7 år (f. 2014)
  • 8 år (f. 2013) 

Aktivitetsserier. Klassene spiller på minibane med minimål. Det benyttes ikke resultattavle i noen av klassene. Speletid: 2* 10 min. 6 kamper. I utgangspunktet 3 lørdag og 3 søndag.

5’ER-HANDBALL
  • 9 år (f. 2012)
  • 10 år (f. 2011) - nivå A
  • 10 år (f. 2011) - nivå B

Aktivitetsserier. Klassene spiller på full bane og med nedsenket tverrligger. Det benyttes ikke resultattavle i noen av klassene. 9-åringene nivådeles ikke, men de kan velge påmelding i 4’er eller 5’er-håndball.  Speletid: 2* 10 min.  6 kamper. I utgangspunktet 3 lørdag og 3 søndag. 

6’ER-HANDBALL
  • 11 år (f. 2010) - nivå A
  • 11 år (f. 2010) - nivå B
  • 12 år (f. 2009) - nivå A 
  • 12 år (f. 2009) - nivå B

Aktivitetsserier. Klassene spiller på full bane. 11-årsklassen spilles med nedsenket tverrligger. Begge årsklassene spiller med resultattavle.  Speletid: 2* 10 min.  6 kamper. I utgangspunktet 3 lørdag og 3 søndag. 
 
7’ER-HANDBALL
  • 13 år (f. 2008) - nivå A
  • 13 år (f. 2008) - nivå B
  • 14 år (f. 2007) - nivå A
  • 14 år (f. 2007) - nivå B
  • 15 år (f. 2006) - nivå A
  • 15 år (f. 2006) - nivå B
  • 16 år (f. 2005) - nivå A
  • 16 år (f. 2005) - nivå B

Full håndball med A- og B-sluttspill i alle klasser.  Speletid: 2* 10 min for 13/14, 2*15 min for 15/16.   12 spillere pr. kamp. Kun klister i J/G 15/16.


Ved stor påmelding vil me vurdera å begrensa antall lag i kvar klasse til 36. Her gjeld prinsippet "først til mølla" (det kan vera at lag som melder seg på innan fristen ikkje får bli med - dette vil de få svar tidleg på). Ved for få lag i ein klasse, kan den bli slått saman med ein annan klasse.


Puljer / spelesystem

Laga vert delt inn i puljer. I utgangspunktet vil det vera fem lag i kvar pulje. Alle laga går vidare til sluttspel. Dei beste i pulja går til A-sluttspill, resten går til B-sluttspill. I aktivitetsserien (til og med 12 år) spelar ein tre kampar laurdag og tre kampar søndag.

Me kan diverre ikkje ta omsyn til særlege ynskjer vedrørande kollisjonar av kampar i 7-12-årsklassane. Når det gjeld eldre klassar kan me heller ikkje lova noko på førehand vedrørande oppsettet - men me vil gjera vårt beste for at kampane ikkje kolliderer.

Ein spelar kan ikkje spele på to lag i same klasse. Brot på denne regelen vil medføre at det laget som lånar ein spelar tapar kampen.


Kamparena

Me spelar kampar i fire hallar og mange banar utendørs. Dei eldste klassane spelar inne. Alle A- og B-finalar vert avvikla inne. Ute spelar me på kunstgrasbanen og gras. Hugs eigna sko, handballsko eller joggesko. (Ikkje knottar).

Det er i utgangspunktet IKKJE sekretariat på kampane. Dommarane har kontroll på tidtaking og målprotokoll. 

Dispensasjon for alder og kjønn

Me følgjer reglane som gjeld for Region Vest når det gjelder alder. 

Kjønn: I klassane G12-14 år kan ein ha 2 spelar på banen på kjønnsdispensasjon (Med fulle rettigheter i turneringa.) 

Dispensasjon på alder: laget blir plassert sist i pulja etter innleiande runde, og spelar første sluttspillkamp, men tapar denne.

ALLE dispensasjonar skal vere godkjente på førehand av festivalen. Send søknad.


Jury

Det vert satt ned ein turneringsjury med arrangørens representant som leiar. I tillegg skal juryen bestå av ein nøytral leiar frå eit gjestande lag, samt ein representant fra dommarane. Eventuelle protestar må følgja NHF's protestreglement, og protesten må stadfestast skriftleg til juryen seinast 30 minutt etter kampslutt. Protestgebyret er på kr 1.000,- og må betalast saman med protesten. 


Spelarregistrering

Av sikkerhetsmessige og sportslege årsakar må alle levera inn lagslister. Spelarar registrerast helst i påmeldingssystemet. Spelarlisten kan også leverast når laget kjem. Endringar gjer ein i sekretariatet.


Tabell / poengberegning / sluttspill

2 poeng til vinner, 1 poeng ved uavgjort, 0 poeng ved tap. Ved likt antal poeng i puljespel vert rekkefølgja satt slik:

  1. Innbyrdes kamp (om meir enn to lag har like mange poeng vert det ”ny” tabell for desse laga). 
  2. Målskilnad innbyrdes kampar 
  3. Flest scora mål i innbyrdes kampar
  4. Målskilnad alle kampar i pulja 
  5. Flest scora mål alle kampar i pulja 
  6. Loddtrekning


Eit lag må spela alle innleiande kampar for å komma til A-sluttspelet. Lag som spelar med dispensasjon er merka * i kampoppsettet, og endar sist i puljespelet. Dei får spela første kamp i B-sluttspelet, men vil uansett tapa denne kampen.

I sluttspelet vert ”første målet vinner” nytta ved uavgjort resultat etter ordinær tid. I sluttspelet kan ein nytta inntil fem minutter med speleforlenginga ved fortsatt uavgjort resultat. Dersom stillinga er uavgjort etter speleforlenging, vert kampen avgjort ved myntkast. Derom eit lag ikkje møtar til kamp, ventar dommaren maksimalt i fem minutt før frammøtte lag vert tildelt sigeren.

I finalane vert det spela ”første mål vinn” inntil kampen er avgjort. Ved uavgjort resultat etter ordinær tid i sluttspelet vert det nytta loddtrekning for å avgjera kva lag som skal starta med ballen når det skal spelast ”første målet vinner”. 

Første avkast

Laget som står først i kampoppsettet:

  • startar til venstre for sekretariatet
  • startar med ballen
  • har ansvar for draktskifte dersom det er behov for dette
  • har med kampball

Premiering

  • Lagspremie (pokal) til finalelaga i A-sluttspel og pokal til vinnaren av B-sluttspel (J/G13-16)
  • Individuelle premiar til finalelaga i A-pulja (maksimalt 15 premiar pr lag)
  • Høytideleg premieutdeling mandag formiddag for alle spelarane i J/G 7-12 år. 
  • Kåring av Fair Play-klubb på finaledagen.
  • All Star-lag vert kåra i klassane J/G13 og J/G14.
  • Beste klubb vinn kr 10 000,- (Vert utbetalt på finaledagen)
  • Nest beste klubb vinn kr 5 000,- (Vert utbetalt på finaledagen)
  • Stord deltek ikkje i Beste Klubb-konkurransen.